m a k a l a u s e bileter
MARIT SINGELSTAD
Den uendelege historia om bevegelse og lys
For det er nettopp historieforteljar eg likar å kalla meg. Når det gjeld fotografering, er eg autodidakt. I tillegg har eg bakgrunn frå teater, grafisk design og tv- og videoproduksjon. Erfaringa som skodespelar hjelper meg å iscenesetja visjonane mine. Eg arbeider intuitivt og inviterar deg til å opna sansane når du bevegar deg inn i dei draumeliknande landskapa. Historia, som fortset utanfor ramma, kan vera like spanande som det du faktisk ser på veggen.
Dei fire siste åra har eg jobba både med makrofotografering og fraktalkunst. Desse to ulike teknikkane inspirerar kvarandre til å skapa episke univers. Gleda over å skapa meining utav kaos er ei sterk drivkraft hos meg. Makrofotografering og fraktalar har det til felles at dei viser oss den vetle verda i den store. Aller best likar eg å jobba med seriar. Og tittelen er for meg halve moroa. Det er den einaste føringa eg vil gje publikum.
Lyset kjem innanfrå. Dette opplever eg spesielt når eg jobbar med fraktalkunst, som er eit eige felt innan digital grafikk. Eg brukar Chaotica - ein sjølvgenererande fraktalprogramvare. Enkelt sagt er ein fraktal ei visuell framstilling av ei kompleks, matematisk likning. Fraktalar finst i naturen - i nordlyset, langs kysten og i bregneforma, til dømes. Det er som å mala med lys - som om linjene og historia fortset i det uendelege - utanfor tid og rom. Denne hologramaktige framstillinga av eit bilete skapar igjen uendelege univers.
Bli med på ei reise med lyset.
Fyrsteeksemplaret tilhøyrer kunstnaren. Alle bileta blir signert og nummerert.
Marit Singelstad
Karmøy 2023
Alle rettar og bruk av innhaldet på denne nettsida tilhøyrer
Marit Singelstad.
Kopiering er forbode.
medlem av